Konkurransereglar

Alle kan senda inn forslag. Namneforslag kan sendast inn ved å fylla ut skjemaet på denne nettsida. Frist for å senda inn forslag er 23. august. Deretter vil juryen gå gjennom forslaga og bestemma det nye namnet på kaien. 

Juryen vil ta omsyn til «folkets røyst» når dei bestemmer namn. Dersom enkelte namn merkar seg ut som spesielt populære, vil det vega inn i vurderinga til juryen. Det er òg høve til å senda inn forslag anonymt, men då er ein ikkje med i trekninga om premie.

Premie

Vinnarforslaget vil få eit gåvekort på kr. 5000,-. Vinnar av namnekonkurransen for piren får gåvekort på kr. 3000,-. Dersom fleire har sendt inn likt forslag, vil vinnaren bli avgjort ved loddtrekking. Namnet på kaien vil bli kunngjort under opningsseremonien av kaien (kjem tilbake med dato). Då vil også vinnaren av namnekonkurransen bli annonsert og få overrekt premien.