Bakgrunn

Kværner beslutta i 2018 å investera 370 millionar kroner i ei omfattande oppgradering av verftet på Stord, for å styrka selskapet si konkurransekraft og gjere verftet meir fleksibelt for ulike typar flytande prosjekt innan både olje og gass og fornybart. Oppgraderinga inkluderar ein 266 meter ny djupvasskai, 17 000 kvadratmeter nytt produksjonsareal, ny kaipir og forlenging av skinnegangen til verftet si store traverskran.

Den omfattande verftsoppgraderinga er eit viktig fundament for Kværner si konkurransekraft, og vil spela ei sentral rolle i gjennomføringa av dei fleste typar prosjekt i åra som kjem. 

Statsminister Erna Solberg la ned grunnsteinen på den nye kaien i samband med verftet sitt 100-årsjubileum i fjor. No nærmar kaien seg ferdig, og me ønskjer tilsette og lokalsamfunn til å foreslå namn på den nye kaien.

Sen inn ditt forslag her!